På festivalkontoret
(Poppes plass)


Via TicketCo:
canalstreet.ticketco.no


hashtag #csarendal

Vanvittig bra avslutning!

For ei avslutning! Musikk av ypperste klasse, publikum i storform og ein by som verkeleg har tatt eigarskap til sitt Kulturhus! Det var jazz, det var rock og det var slepen pop! Ein kveld som hadde alt!

Siste kveld, siste natt med Canaljazz og jamming.... og det vart litt av en kveld1 
Då Depui gjekk på scenen kl 2230 var stemninga allereie høg.  Og med Depui berre steig og steig vi... "Reach for the stars wherever you are", er referenget på  ein av dei første låtene. Vel, Depui, det er akkurat det du gjer,  og vi trur sanneleg du kjem til å nå heilt opp! 
Depui er ein eminent låtskrivar, stemmen hans er rå, blikket hans treff deg og bandet låter berre rett og slett fett. Anten dei speler rolege eller uptempo-låter, er det ein ufatteleg trøkk i dette bandet. Og når gitaristen dreg i gong sine riff er det berre å knele. 
 
Frå Depui i foajeen går vi inn i Store Torungen, det vil seie, TENDERLEAVES berre dreg oss rett inn. 
Alt stemmer. Scenen, lyden , lyssettinga understreker musikken så til dei grader, og vi nyttar høvet til å gi kred til dei som har stått for rigging, scene og dekor, og - ikkje minst - lyd og lys. 
Tilbake til Tenderleaves: Å gå direkte frå Depui til Tenderleaves er litt av ein kontrast. Men Tenderleaves opnar berre rett og slett opp sitt eige lille univers der inne i konsertsalen, og eit publikum i kanalstemning må berre gi seg over - nok ein gong. Tenderleaves er på internasjonalt nivå, og musikken berre flyter, vokal, gitararar, keyboard, klokkelspel og rytmer, alt snor seg inn i kvarandre, stig mot taket og vi er med.  Vokalen er eksepsjonell - men det er for så vidt resten av bandet, og ikkje mist, låtene, også. Då dei avsluttar med "Sail on" føler vi nesten av sommarnatta går over i lyn og torden, for her er det så mykje elektrisitet og power at underteikna bokstaveleg talt måtte ta gripetak i bordet.
Kvelden (og Canal Street 2013) skal sjølvsagt toppast og rundast av med jamming med "husbandet" - og besetninga denne kvelden må klassifiserast som eit stjernelag. Bugge Wesseltoft, Frode Alnæs, Tom Rudi Torjussen, Ole Kelly Kvamme og etterkvart Rasmus Solem  - o, du hellige...
Då eg går heimover, spør eg meg sjølv: "Kva er eigentleg greia med Canal Street?"  Vel, summen av alle svara på det er i alle fall at det er unikt.

Med sol helsing Torunn Charlotte Lund

Foto Espen Wang Johannesen




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: