På festivalkontoret
(Poppes plass)


Via TicketCo:
canalstreet.ticketco.no


hashtag #csarendal

Lady Moscow og Lillebjørn Nilsen – GULLREKKA!

Det er siste dag av vår magiske festival – og regngudane har bestemt seg for å tulle litt med oss no i innspurten. Utekonsertane i dag er derfor flytta innandørs, og derfor sit eg på Clarion Tyholmen Hotell og ventar på at Lady Moscow skal setje i gang den store familiekonserten

Dette er eit band eg aldri har opplevd live før, men som blir introdusert som Noregs beste liveband. Og, som konferansieren seier: Det speler inga rolle om det regnar i dag, for sola, den bestemmer vi at er her og no – den er i sinnet vårt!

Og det viser Lady Moscow oss at stemmer – akkurat når det regnar som mest er det jo fantastisk å sitje tørt og varmt inne og oppleve slik herleg energi! For eit drive, for eit samspel, for ein herleg gjeng! DETTE er musikk som fengar, og den stappfulle salen er heilt med. Vokalisten kommuniserer godt med ungane, og denne gjengen er jo rett og slett veldig underhaldande. Særprega stil, som både ungar og vaksne kan la seg begeistre av.  Det er umogeleg å ikkje la seg sjarmere – og imponere - av desse, og ikkje minst den dansande banjospelaren skapar liv og røre på scenen. Vokalisten spør stadig om alle har det bra, og forsikrar dessutan sdei yngste om at ”For det om eg synger sånn så e’ eg ikkje farlig.” Stemmen kan han nemleg gjere det meste med, og han sjonglerer mellom Joe Cocker-rusten røyst, metalklang og countryknekk alt ettersom det passar med resten av uttrykket.

Dette er verkeleg dyktige musikarar. Bandet har ein balkaninspirert klang, med ein god del drama i musikken. Instrumenteringa fungerer svært godt, med trekkspel, fiolin, banjo, kontrabass, gitar og slagverk, og, som tidlegare nemnt, ein spennande og fleksibel vokal. Når vokalisten og banjospelaren plutseleg tek seg ein runde rundt i det halvmørke lokalet skapar det sjølvsagt magisk stemnng og stor begeistring. Ungane blir oppmoda til å klappe og synge med, og under den siste låta får dei som har lyst lov til å låne blåse eller rytmeinstrument og kome fram på scenen. Eg må seie eg smeltar for desse fine og flinke ladies og gents som står på scenen no – dette må vere ei god konsertoppleving for alle, ikkje minst for dei som kanskje er på sin første rockekonsert.

Så tek ein som absolutt ALLE kjenner over scenen: Lillebjørn Nilsen, saman med Seresta Trio. Publikum er sjølvsagt med frå første strofe – og slik er det under heile konserten. Vi får alle perlene servert på ei snor – og syng med på ”Aleksander Kiellands plass”, ”Crescendo i Gågata”, ”Tanta til Beate” og så vidare. Trioen Seresta akkompagnere nydeleg på to gitarar og kontrabass, og Lillebjørn sjølv leverer også glitrande gitarspel. Han er nok glad han slepp å stå ute og klimpre med stivfrosne fingar – her er mange låter som verkeleg krev fingerferdigheiter. Av og til kan det nok hende at dei aller yngste blir litt utolmodige, men når far, mor, bestefar eller tante hiv seg med i allsongen let jo også ungane seg rive med. Det er spesielt å oppleve ein artist som kan samle eit pulbikum med så stor aldersmessig spreiing – det er kanskje ikkje så mange som kan gjere akkurat dette som Lillebjørn Nilsen. Han er ein stor artist, og samlar eit stort publikum.

Magien – den oppstår for mitt vedkomande under ”Hav og himmel”, songen om skagenmålaren P. S. Krøyer og hans vidunderleg vakre fru Marie. Akkurat der, med utsikt mot havet og himmelen som scenebakgrunn, og ein tekst like vakker og uttrykksfull som det kjente maleriet av fru Marie som står i sin kvite kjole på stranda og skuar ut over havet:


”Hun løfter sitt hode.  Lar blikket gli mot øst.
- Fullmånen glitrer i havet.
Derfra skal han komme. Han som skal gi trøst:
- Har bølgene hvisket så stille.

De nordisk svaner fløy over Kattegat.
- Da fullmånen glitret i havet.
Visst ble hun eiet denne underlige natt.
- Da bølgene hvisket så stille.”

 Dette er vakkert, det er lyrisk, det er tekst som rører.  Rørande er det også når publikumskoret verkeleg kling mellom veggane saman med Lillebjørn på ”Barn av regnbuen” og ”We shall overcome”. Det er nært og varmt, og eg kjenner eit fellesskap som er godt å vere ein del av. Sjølvsagt blir det ekstranummer, opptil fleire, og plutseleg oppdagar eg at eg kan ei tekst eg ikkje visste at eg kunne: ”Whisky in the Jar” – den må eg ha lagra i underbevisstheita i 20 år, minst!

Det er heilt sant, som konferansieren innleia med: Det speler inga rolle om det regnar i dag, for sola, den bestemmer vi at er her og no – den er i sinnet vårt!

Solhelsing frå Torunn Charlotte 

Foto: Birgit Fostervold

Se flere bilder her av Lady Moscow og Lillebjørn Nilsen & Seresta




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: