På festivalkontoret
(Poppes plass)


Via TicketCo:
canalstreet.ticketco.no


hashtag #csarendal

Magisk musikalsk reise til eventyrlandet - ”Nangijala”!

For 4 år sidan flytta ein ung, nyutdanna sivilingeniør frå Noreg til Sør-Afrika fordi han var komen fram til at han heller ville drive med musikk. Vel, så pass kan eg seie: Eg er sikker på at norsk næringsliv har gått glipp av ein skikkeleg dyktig sivilingeniør, for noko fortel meg at denne karen eit multitalent – men eg skal seie eg har glad for at det var musikken som trekte det lengste strået i tilfellet Andreas Loven. FOR ein musikar – for ein komponist og for ein pianist! Og for eit samspel!

Konserten startar med låta ”Medvind”, som stryk meg over kinnet som berre ein julivind kan gjere. Andreas Loven og sørafrikanske Buddy Wells har fantastisk fin flyt i samspelet mellom piano og saksofon, og når Spha Mdlalose kjem inn med si varme, melodiske altstemme smeltar raude, oransje og rosa tonar saman til ei pil som treff meg midt i hjarta. Beklagar klisjeane, folkens – men slik opplevde eg denne konserten.  Og ikkje berre musikken, men også tekstane er med på å gjere dette til ei av dei finaste og varmastekonsertopplevingane eg har hatt under heile festivalen, denne siste, kaldaste og våtaste konsertkvelden:

”I’ve been searching for a Place

Where my Soul can dance.

And when I find that Place

I know I belong

And when I find that Place

I’ll know that I’m Home”

 

Som låt nummer 3 følgjer eit stykke inspirert av Grieg – og det må vere dette som gjer at denne musikken verkar så kjent, på ein måte, og så lette å gripe, sjølv om det er første gong underteikna høyrer denne trioen.  Fleire av låtene verkar nemleg slik på meg – dei er på ein måte så kjente og lette å ta til seg, men samtidig originale, uføreseielege og eksotiske. Andreas Loven og Nangijala Trio kombinerer det kjølege, perlande nordiske med det varme, eggande sør-afrikanske, og kombinasjonen blir rett og slett heilt facinerande, og gir meg assosiasjonar til .... ja, det raraste av alt: noko lyst, sørlandsaktig og sommarleg. Bruremarsjen dei speler forsterkar dette inntrykket, samtidig som dette er eit av stykka der verkeleg saksofonist Buddy Wells får vist seg.

Sant å seie hadde eg ikkje høyrt om Andreas Loven før, og tenkte at det var då som søttan at akkurat eg vart sett til å skrive om akkurat denne konserten - eg tenkte aldri eg kunne klare å yte musikarane rettferd, i dette musikalsk ukjente landskapet for meg. Men sjeldan er eg blitt så bevega ved første møte – her var det rett og slett kjærleik ved første tone  - og slike opplevingar er det eit privilegium å få lov til å formidle vidare. Andras Loven som pianist er førsteklasses – både med tanke på teknikk og formidlingsevne, og som komponist har han eit heilt særeige avtrykk. Andreas Loven kommuniserer også  godt med sitt publikum på det verbale planet – og det er nokså fornøyeleg å høyre at han faktisk i fleire år søkte om å få vere konferansier under Canal Street, utan å sleppe gjennom nåløyet. Så han uttrykker stor takksemd over i det minste å vere invitert som artist, no! 

Er du, som meg, kanskje ikkje så veldig bevandra i jazzsjangeren enno? Har du kanskje ikkje akkurat jazzskiver på rekke og rad i CD-hylla di? I så fall vil eg seie følgjande: av alle CD’ar du bør få på plass bør  ”Nangijala” med Andreas Loven Nangijala Trio vere den neste.

Med takk for ei magiske reise,

Solhelsing frå Torunn Charlotte 

Foto: Espen Wang Johannesen

Se flere bilder her




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: