På festivalkontoret
(Poppes plass)


Via TicketCo:
canalstreet.ticketco.no


hashtag #csarendal

Sol og spilleglede - Parade!

Endeleg i gang med Canal Street – dette har vi venta på lenge! Barnestreet starta kl 11, og no er det Street Parade, der nok gjennomsnittsalderen er noko høgare. Ikkje så mange ungdommar å sjå, men ein del barnefamiliar og mange godt vaksne.

Gamle kjente treffast, takkar for sist («Altfor lenge sidan!») og diskuterer sommaren. Deilig t-skjorte-ver i dag, heilt perfekt, med lette skyar over sommarbyen Arendal.

For ein svoren korpsentusiast er det moro å sjå at det  tydelegvis ikkje er  noko rekrutteringsproblem til miljøet i og rundt Lillegaard Trad Band, for der er det både barn og ungdomar med og speler. Honnør til Dag Jonssen og resten av bandet, som tydeligvis skapar eit miljø kor alle kan trivast. For det ser vi jo at vi dei gjer – her er det speleglede! Paraden startar med «When your’re smiling» - det er ein god start, for publikum syng med, og det er sjølvsagt umogeleg å ikkje – ja, nettopp – smile. Mange kan nok kjenne på sommarlykke akkurat no, anten livet er slik eller sånn. I dag – 22.juli - er det plass til både glede og sorg her i byen i hjartet av Sørlandet, og når Lillegaard Trad Band litt seinare, ytterst ute på Langbrygga,  speler Amazing Grace, er det vanskeleg å ikkje la seg gripe.

Det er sanneleg ikkje lett å dirigere ein slik dag, anten ensemblet står i ro, nærmest mellom publikum på eit stu’fullt torg, eller marsjerer gjennom gatene med publikum både foran, bak og på sidene. Men Dag Jonssen ropar og gestikulerer, og har tydelegvis utvikla eit eige språk med ulike teikn og snurringar med trombonen sin, så dei fleste får med seg kva som skjer. Tanken slår meg, at det er nok ein viss kontrast til gatene i New Orleans  – men sjølv om ikkje sørlendingar akkurat tør å kaste seg ut i dei mest rytmisk utagerande rørslene, er jo folk MED. Smiler, syng litt, voggar forsiktig i takt med musikken.  Dette er Canal Street – det er musikk, magi, folk, formidling – og det er sommarfestivalen i Arendal.

Dag Jonssen og ensemblet dediserer «Just a closer Walk with Thee» til dei som kjenner på sorga i dag. Her, som i Bourbon Street, kan vi ved hjelp av musikken veksle mellom glede og sorg, og likevel kjenne at dagen er god.

Solhelsing frå Torunn Charlotte  :-)

Foto: Birgit Fostervold

Se flere bilder her




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: