På festivalkontoret (Poppes plass)

Hos Arendal turistkontor

Via Ticketmaster:
www.ticketmaster.no
Tlf: 815 33 133


hashtag #csarendal

Ei stor takk til alle våre dyktige konferansierar!

Har du lagt merke til at det er ein person som ofte ikkje blir omtalt i konsertomtalane – men som faktisk gjer ein veldig viktig jobb? Ein person som har som oppgåve å setje både artistar og publikum i den rette stemninga, og som er kjempeviktig for å lage ei god ramme for opplevinga? Vi siktar sjølvsagt til konferansieren – eller programleiaren. Bildet er av Therese Alvseike.

Vi siterer Store norske leksikon: "Konferansier, en som introduserer de opptredende i en revy el.l., binder numrene sammen og sørger for kontakt mellom scene og publikum."

Vi seier det igjen - dette er ei viktig oppgåve, så i Canal Street legg vi mykje arbeid i å finne gode konferansierar, og vi er utruleg stolte av kvar einaste av dei vi har fått med oss i år. Vi er svært takknemlege for at alle desse fine og flinke folka stiller opp for Canal Street, og vil gjerne takke dei så mykje med å gi dei litt spesiell merksemd her på sida vår.

Vi har med oss:

Linda Sætra, relativt fersk kultursjef  i Arendal kommune med mange jern i elden, tidlegare også involvert som frivillig i Canal Street.

Per Norstrøm, tidlegare fylkeskultursjef og styremedlem i Canal Street sidan starten.

Jan Thygesen, som vi kjenner som ein fantastisk dyktig musikar. Alltid med oss!

Hege Solli, vår nye fylkeskultursjef.

Tor Elgvin, artistkontaktsjef og jamvert, og rett og slett ein svært habil musikar sjølv.

Hege Riebe, artistkontaktsjefen vår, som har lang erfaring fra underhaldningsbransjen både på scenen og som tekstforfattar.

Camilla Glad, journalist og redaktør i Åmliavisa.

Pål Koren Pedersen, har tidlegare vore med som frivillig i Canal Stree i pressegruppa, lokalpolitikar med eit hjarte som bankar varmt og sterkt for kulturlivet.

Espen Beranek Holm møter du på hovudscenen, Sam Eydes plass fredag, og han treng kanskje ingen introduksjon? Det er faktisk ikkje første gong han har vore med på Canal Street – så vi trur at han liker oss ganske godt! :-)

Håkon Christensen, musikar.

Therese Alvseike, «Sørlandets Humordronning», vinnar av stand up-konkurransen «Sørlandets morsomste» og dagleg leiar av «Stand Up Sørlandet». 

Kristin Lundby, kjent for alle i Arendal som tidlegare kultursjef i kommunen.




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: