På festivalkontoret (Poppes plass)

Hos Arendal turistkontor

Via Ticketmaster:
www.ticketmaster.no
Tlf: 815 33 133


hashtag #csarendal

Night Sessions - og DJ-party på begge sidar av byen!

I kveld flyttar vi Night Session og jam over til Bankgården. For deg som ikkje har fått med deg dette fenomenet enno, anbefaler vi det på det varmaste. Det er så groovy! Stemninga er tett og varm, og så utruleg gode folk finn saman på scenen! NB!! DJ Daddy Cool og DJ Honka Honka skal altså IKKJE vere i Bankgården, som det står i programmet - for det skal nemleg DJ Stian W! DJs Daddy Cool og Honka Honka vil vere å høyre på Clarion Tyholmen Hotel frå kl 23.30 og utover, og DJ Thomas startar allereie med å varme opp for dei i 20.30-tida.

DJ Honka Honka

I Bankgården speler vårt eige Husband, og på jammen er det ei himmelsk blanding av artistar du kanskje har sett tidlegare på dagen, våre eigne folk og lokale musikarar. Vi lover deg nokre timar utan bakkekontakt, rett og slett - dette er absolutt den beste måten å møte natta på!

Jam, foto: Siri Knudsen
Foto: Siri Knudsen




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: