På festivalkontoret (Poppes plass)

Hos Arendal turistkontor

Via Ticketmaster:
www.ticketmaster.no
Tlf: 815 33 133


hashtag #csarendal

Varmt, blått og rått frå Bjella på Arendal kirkegård

Eg trur at alle vi som var til stades på Arendal kirkegård onsdag kveld, tenkte at akkurat her, denne stunda, denne kvelden - jo, no kjenner eg på noko som er godt i livet. Hallingdølen Stein Torleif Bjella, som gav ut sitt 4.album, "Gode liv" i fjor haust, baud oss med på eit heftig stemnemøte denne julikvelden under Canal Street, med det som både er godt og vondt, lett og komplisert, i livet.

Bjella på Canal Street
Foto: Espen  Wang Johannesen

Bjella poengterte fleire gongar at det er spesielt å få lov til å spele på Arendal kirkegård, og han takka mange gongar for det. Om lag 1 000 menneske hadde funne vegen til kirkegården, og den som har vore med nokre år vil leggje merke til at denne konsertarenaen delvis har sitt faste publikum. Det liker vi! Og ja, det er jo noko heilt spesielt med denne plassen, ikkje minst etter kvart som mørkret sig på. Dersom du ønskjer ein konsert som både kan gi ro i sjela, samtidig som du toler å oppleve å få heile kroppen i heilspenn før du aner det – då skal du vite at det sannsynlegvis vil skje her, på kirkegårdskonserten under Canal Street.

Etter at konferansier Hege Sollie, kultursjef Aust-Agder fylkeskommune, hadde ønska velkomen, var det rett på. Først med ein av Bjella sine litt nedtona låter, før dei gjekk laus på «Melodisk sus», med eit noko tyngre lydbilete. For dei som berre har høyrt Bjella med band på radioen, kom det kanskje noko overraskande kor tett og tungt lydbilete dei har på ein del låter. Og, for å ha sagt det, dette er rett og slett førsteklasses musikarar som kan spele deg heilt av banen. For ei gitarrekke dei liner opp! Allsidige Geir Sundstøl, som blar opp med det meste av strengeinstrument - banjo, resonator, el-gitar, dobro, lapstee og til og med munnspel - må nemnast spesielt. Deilig også med kontrabass innimellom, flankert av heftig og markant trommespel. Musikken er ei blanding av viser, country og american folk rock, og kan gi assosiasjonar til litt mørk shadow og noko Johnny Cashaktig.

Stein Torleif Bjella sine tekstar røskar ein smule i hjarterota – det er mykje å kjenne seg att i. Han har ei unik evne til å setje ord på ting; alt frå det heilt kvardagslege – ikkje minst knytt til livet på bygda - til dei store kjenslene som følgjer med forelsking, oppbrot og hjartesorg. Dette handlar om oss vanlege folk, og vi har jo alle vårt, som det heiter. Sjølv midt i rusen av ein ny kjærleik kan det lille stikket av sorg over noko som ikkje gjekk som det skulle, vere godt å kjenne på.Det er jo desse store kontrastane som gjer at vi kjenner kva livet går ut på. Hallingdialekta set eit ekte og nært preg på tekstane, og melankolien blir heile tida avbrote av humor.

 
Foto: Mona Hauglid

I siste ordinære innslag, «Blomen», trør bandet til så alle nervetråder luggar. Frå vart og blått går det til å bli eksplosivt og massivt, og musikarane briljerer så det ikkje er fnugg av tvil om at dette er ei klasse for seg. Når så Bjella kjem tilbake på scenen for ekstranummeret, åleine, er det så godt når han plukkar han oss ned igjen og gir oss tilbake fotfestet med «Romantikken gjer meg sjuk». Og med det er nok ein sukesesskonsert på Arendal kirkegård – nok ei magisk oppleving – i hamn.

Romantikken gjer meg sjuk

Lagt vonde visu og trøbbeltanka bort.
Dei hjølpe lite skal eg få noko gjort.
God vilje og varm energi
er det som funka på jenta mi.
Ska eg rope høgt? Det er like før.
Når eg lét att augun ser eg meg sjøl.
I akrobatisk gledesrus
på veg te deg, søte pus.

Du vil kje sakne det du forlét
for eg ska kysse so jesus gret.
Du er redd vegen bli for lang.
Du har kje sett meg når eg legg på sprang.
Kan eg få vegrett heim til deg?
Du skal få bruksrett på heile meg.
Eg kan smile og bli forbanna.
Er teatralsk om ikkje anna.

Når du kjem med heile deg. Det er kje te å halde ut.
Hjarta dele seg. Romantikken gjer meg sjuk.

No veit eg ko som venta.
På sjølstyr i Åleineland.
Det einaste som virka
er stor stor avstand.

Når du kjem med heile deg. Det er kje te å halde ut.
Eg kjem kje lenger ned.
Romantikken gjer meg sjuk.

(Stein Torleif Bjella, Vonde visu, 2011)

 

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-) 

Se alle bildene fra konserten på Canal Streets flickrkonto.




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: